torsdag 9. desember 2010

Peer Gynt

Fakta om stykket "Peer Gynt"

Peer Gynt er eit dramatisk dikt av Henrik Ibsen. Det er skrive i 1867 og er det mest kjende norske teaterstykket gjennom tidene. Teaterstykket blir framleis spelt over heile verda.
Hovudpersonen er baset på sangfiguren Per Gynt. Ein ven av Ibsen; Paul Botten-Hansens sine forteljingar, Ibsens eigne erfaringar frå stipendreisa gjennom Gudbrandsdalen i 1862 og sist, men ikkje minst Peter Chr. Asbjørnsens Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn hadde stor innflyting på diktet Peer Gynt.
Peer Gynt blei skrive i Roma og blei utgjeven 14. november 1867 i København.

Samandrag av handlinga

Peer er ein storskrytar. Han stikk til fjells med bruda frå eit bryllaup på garden Hægstad. Seinare sender Peer bruda tilbake til bygda. På fjellet møter Peer ei hulder, datter av Dovregubben, og han er nær ved å bli til eit troll sjølve.


Medan Peer etterpå lever som nybyggjar kjem ei ungpike som Peer traff i bryllaupet på Hægstad, Solveig, opp til han på fjellet og vil vere hos han. Peer er no så lukkeleg og trygg på framtida som han knapt er nokon annan stad i stykket. Men medan han er ute og skal hugge tømmer til den nye garden han planlegg, blir han innhenta av fortida. Huldra, den grønnkledde, kjem med ein trollunge ho seier Peer er far til. I stedet for å ta eit oppgjer der og då flykter Peer på nytt.
Deretter får vi glimt frå Peers mangslungne og verdsomspennande karriere. Han skapar og tapar formuar og ender med å bli krona til verdas keiser i et "Dårekisten" (eit oppsamlingsanstalt for sinnsjuke) i Kairo.
I siste akt reiser Peer som gamal mann tilbake til Noreg. Oppunder Norskekysten blir skipet utsett for ein storm og går ned. Resten av stykket kan lesast som ein kamp om Peers sjel og hans eige veksande sjølvinnsikt. Hans vankelmodighet, hans mangel på evne eller vilje til å gjere noko fullt og heilt ser ut til å dømme hans sjel til å bli smelta om i en slags sjelenes ursuppe, fordi han verken er god nok til å komme til himmelen eller ond nok til å komme til helvete.
Til slutt blir Peer likevel frelst gjennom Solveigs trufaste kjærleik.


Kjelde: Wikipedia og espenore.tk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar