fredag 10. september 2010

Hamlet

Historia om Hamlet er skriven av William Shakespeare. Denne historia blei først og fremst skriven til eit teaterstykke. Seinare har denne kjende historia blitt filmatisert.
Denne filmen fekk vi sjå på skulen.

Filmen handla om ein dansk kongefamilie. Sonen i familien heiter Hamlet. Tidleg i filmen døyr far til Hamlet, og mora hans, dronninga, giftar seg kort tid etter med kongen, sin avdøde mann, sin bror.
Etter kongen sin daud, merkar Hamlet at sjela hans går igjen og prøver å fortelje han noko. Han fortel at han blei drept av sin eigen bror, som no var mor til Hamlet sin ektemann. Han hadde nemleg blitt forgifta.
Hamlet vil sjølvsagt gjere noko med dette, og han byrjar og spele gal.
Ein kveld han kjem inn til mor si, gøymer den noverande kongen seg bak eit veggteppe. Hamlet stikk han med sverdet sitt slik at han døyr.
Seinare i filmen møter vi sonen til kongen som Hamlet hadde drept. Han ville hemne seg. Dei stiller opp til kamp, som bestod av sverdfekting. Hamlet vinn mange av slaga, og blir tildelt eit glas med vin midtveis. Han takkar nei akkurat då, så difor vil mora til Hamlet gjerne smake på denne vinen. Fort etter at ho hadde smaka på vinen, byrjar ho å bli dårleg. Ho avslører dei som har putta gift i vinen. Samstundes fortel han Hamlet var i ringen med at han hadde stukke han med sverdet som han hadde forgifta.
Hamlet spring bort til mora si då han merkar at ho er blitt forgifta og er døyande. Det var hoffmannen som hadde forgifta vinen. Hamlet ser bort på han, og spring bort til han og drep han med sverdet. Etter dette legg han seg bort til mora for å døy ved sidan av henne.

For meg er ikkje dette ein film eg frivillig ville valgt å sett. Den er altfor lang med altfor lite spenning. Grunnen til at det sikkert ikkje er noko spanande film, er nok at det opprinneleg er eit teaterstykke. Kanskje det ikkje er så lurt å filmatisere teaterstykker?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar