torsdag 26. august 2010

Samansette tekstar

Ein samansatt tekst er ein tekst der ein bruker fleire verkemidler for å få fram ein bodskap. Vi ser samansette tekstar i usikkvideoar, plakatar, artiklar, filmar, på internett og i tegneseriar. Verkemidla for at vi kan kalle det ein samansett teknst kallar vi estetiske verkemidler og kan vere bilete, grafikk, lyd, lys, farge og rørsle.

Vi fekk ei oppgåve på skulen der vi skulle kommentere bruken av estetiske verkemidler på ei nettavis. Vi valgte å jobbe med VG. her fann vi ut at bilete er klart og tydleg det som dominerer mest. Det er bilete som får første augekast og blir fortast lagt merke til. Deretter ser vi på overskrifta. Fargebruken var mest raudt, blått og svart. Raudt brukar dei sikkert som eit verkemiddel som skal gå igjen, då dei har raud logo òg. Desse artiklane er samansette tekstar fordi dei inneheld tekst, bilete og farge.