fredag 14. januar 2011

Logg for særemne

Fredag, 14.01.11
Idag har eg fylt ut skjema om oppgåve val for særemne.
Eg har òg funnet ei problemstilling og byrja å lese "Constance ring" av Amalie Skram.

Torsdag 20.01.11
Idag har lese heime i ein time. I tillegg har eg lese nokre sider om dagen denne veka.

Onsdag 26.01.11
Denne veka har eg ikkje fått leste så veldig mykje. Har lest litt, kanskje ein time til saman. Eg satsar på å få bruke helga på å ta igjen dette.

Onsdag 01.01.11
Idag har eg nytta den eine skuletimen til å lese særemnebok. I tillegg har eg lest ein time heime.

Torsdag 24.01
eg har heilt glømt å loggføre arbeidet mitt. Har lese ferdig bøkene mine og er no igang med å forberede presentasjonen.

torsdag 9. desember 2010

Peer Gynt

Fakta om stykket "Peer Gynt"

Peer Gynt er eit dramatisk dikt av Henrik Ibsen. Det er skrive i 1867 og er det mest kjende norske teaterstykket gjennom tidene. Teaterstykket blir framleis spelt over heile verda.
Hovudpersonen er baset på sangfiguren Per Gynt. Ein ven av Ibsen; Paul Botten-Hansens sine forteljingar, Ibsens eigne erfaringar frå stipendreisa gjennom Gudbrandsdalen i 1862 og sist, men ikkje minst Peter Chr. Asbjørnsens Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn hadde stor innflyting på diktet Peer Gynt.
Peer Gynt blei skrive i Roma og blei utgjeven 14. november 1867 i København.

Samandrag av handlinga

Peer er ein storskrytar. Han stikk til fjells med bruda frå eit bryllaup på garden Hægstad. Seinare sender Peer bruda tilbake til bygda. På fjellet møter Peer ei hulder, datter av Dovregubben, og han er nær ved å bli til eit troll sjølve.


Medan Peer etterpå lever som nybyggjar kjem ei ungpike som Peer traff i bryllaupet på Hægstad, Solveig, opp til han på fjellet og vil vere hos han. Peer er no så lukkeleg og trygg på framtida som han knapt er nokon annan stad i stykket. Men medan han er ute og skal hugge tømmer til den nye garden han planlegg, blir han innhenta av fortida. Huldra, den grønnkledde, kjem med ein trollunge ho seier Peer er far til. I stedet for å ta eit oppgjer der og då flykter Peer på nytt.
Deretter får vi glimt frå Peers mangslungne og verdsomspennande karriere. Han skapar og tapar formuar og ender med å bli krona til verdas keiser i et "Dårekisten" (eit oppsamlingsanstalt for sinnsjuke) i Kairo.
I siste akt reiser Peer som gamal mann tilbake til Noreg. Oppunder Norskekysten blir skipet utsett for ein storm og går ned. Resten av stykket kan lesast som ein kamp om Peers sjel og hans eige veksande sjølvinnsikt. Hans vankelmodighet, hans mangel på evne eller vilje til å gjere noko fullt og heilt ser ut til å dømme hans sjel til å bli smelta om i en slags sjelenes ursuppe, fordi han verken er god nok til å komme til himmelen eller ond nok til å komme til helvete.
Til slutt blir Peer likevel frelst gjennom Solveigs trufaste kjærleik.


Kjelde: Wikipedia og espenore.tk

fredag 10. september 2010

Hamlet

Historia om Hamlet er skriven av William Shakespeare. Denne historia blei først og fremst skriven til eit teaterstykke. Seinare har denne kjende historia blitt filmatisert.
Denne filmen fekk vi sjå på skulen.

Filmen handla om ein dansk kongefamilie. Sonen i familien heiter Hamlet. Tidleg i filmen døyr far til Hamlet, og mora hans, dronninga, giftar seg kort tid etter med kongen, sin avdøde mann, sin bror.
Etter kongen sin daud, merkar Hamlet at sjela hans går igjen og prøver å fortelje han noko. Han fortel at han blei drept av sin eigen bror, som no var mor til Hamlet sin ektemann. Han hadde nemleg blitt forgifta.
Hamlet vil sjølvsagt gjere noko med dette, og han byrjar og spele gal.
Ein kveld han kjem inn til mor si, gøymer den noverande kongen seg bak eit veggteppe. Hamlet stikk han med sverdet sitt slik at han døyr.
Seinare i filmen møter vi sonen til kongen som Hamlet hadde drept. Han ville hemne seg. Dei stiller opp til kamp, som bestod av sverdfekting. Hamlet vinn mange av slaga, og blir tildelt eit glas med vin midtveis. Han takkar nei akkurat då, så difor vil mora til Hamlet gjerne smake på denne vinen. Fort etter at ho hadde smaka på vinen, byrjar ho å bli dårleg. Ho avslører dei som har putta gift i vinen. Samstundes fortel han Hamlet var i ringen med at han hadde stukke han med sverdet som han hadde forgifta.
Hamlet spring bort til mora si då han merkar at ho er blitt forgifta og er døyande. Det var hoffmannen som hadde forgifta vinen. Hamlet ser bort på han, og spring bort til han og drep han med sverdet. Etter dette legg han seg bort til mora for å døy ved sidan av henne.

For meg er ikkje dette ein film eg frivillig ville valgt å sett. Den er altfor lang med altfor lite spenning. Grunnen til at det sikkert ikkje er noko spanande film, er nok at det opprinneleg er eit teaterstykke. Kanskje det ikkje er så lurt å filmatisere teaterstykker?

torsdag 26. august 2010

Samansette tekstar

Ein samansatt tekst er ein tekst der ein bruker fleire verkemidler for å få fram ein bodskap. Vi ser samansette tekstar i usikkvideoar, plakatar, artiklar, filmar, på internett og i tegneseriar. Verkemidla for at vi kan kalle det ein samansett teknst kallar vi estetiske verkemidler og kan vere bilete, grafikk, lyd, lys, farge og rørsle.

Vi fekk ei oppgåve på skulen der vi skulle kommentere bruken av estetiske verkemidler på ei nettavis. Vi valgte å jobbe med VG. her fann vi ut at bilete er klart og tydleg det som dominerer mest. Det er bilete som får første augekast og blir fortast lagt merke til. Deretter ser vi på overskrifta. Fargebruken var mest raudt, blått og svart. Raudt brukar dei sikkert som eit verkemiddel som skal gå igjen, då dei har raud logo òg. Desse artiklane er samansette tekstar fordi dei inneheld tekst, bilete og farge.